Eg ynskjer meg eit fjernsyn!
No har eg flytta. Frå byn og ut på "landet". (Det e så absolutt ikkje på landet, men det e ikkje i byn, og eg treng ikkje gå meir enn ca 47 meter for å sjå hestar, så eg liker å late som om det e på landet. Så sånn e det.) Eg fekk nøklane kl 20 på tirsdag, og no er eg nesten ferdig med å pakke ut alle kassane mine! (Eg har ikkje jobba kontinuerlig sidan då, altså... Eg er flink å ta pausar ;p) Eg har masse ting. Veldig masse. Mine to gode hjelparar, Lasse og Kristian, seier at eg har ca 12 kubikk med ting. Vi fylte i alle fall ein sånn bil heilt full. Stappfull, faktisk. Men, I like stuff, så det e vel berre sånn! Eg lurer på kor masse av dei tinga eg egentlig bruker.. Hmm..
Så langt er eg særs nøgd med leiligheta. Og eg håper eg skal bu her meir enn et år, for eg er litt lei av å flytte. Har tross alt flytta kvar sommar sidan eg var 16. (ok - dei første 3 åra så flytta eg berre nokre hundre meter kvar sommar, men flytting frå internatrom til internatrom er fortsatt flytting!) Med mindre vi blir kasta ut, så trur eg eg blir buande her ei stund. Viss eg ikkje plutseleg gifter meg, då. Det KAN jo skje. Sjølv om eg tviler sterkt, pga mangel på brudgom. Her ein dag slo det meg forresten at når eg gifter meg, så må eg sove i samme seng som et ant menneske resten av livet. Fysøren. Eg må sove masse før den tid kjem, trur eg. Eg får ikkje sove viss eg søv i samme rom som nåken ein gang. Ææææ. Folk bråker når dei sover.
Særs random oppdatering. God natt!
Bryllupsfest i Badeparken
-
(Dette er et innlegg etter et ønske)
Her er noen bilder av hvordan vi pyntet i Badeparken.
Har desverre få oversiktsbilder.
Men her er "kladden" vår for...
2 timer siden
1 kommentarar:
Random oppdatering, me like:)
Eg har stor tru på at kvardagen blir litt meir fargerik med slike meir eller mindre viktige opplysningar.
*eg lo av sove-oppdagelsen din:)*
Legg inn en kommentar