Ny random oppdatering. Ikkje overraskende, kansje.. Dette er jo ein ganske random blogg.
Siste to vekene har gått med til øving til og spilling på GF. Det var gøy! Flotte folk (både i husbandet og ellers), bra opplegg (ikkje perfekt opplegg, men alt i alt bra!) - GØY! Litt mindre gøy at eg blei sjuk på tirsdag (dagen før GF begynte), og hadde feber og var forkjøla dei tre-fire neste dagene... Men eg kom meg gjennom det, og no tenker eg at det er jo like greit å være sjuk når man har det travelt, for då slepp man jo være sjuk dei dagene man har fri ;)
Eg har to fysisk-aktivitet-historier eg vil dele i dag. Den første er at eg SPURTA til bussen i går. Fekk auge på bussen når eg hadde komt kansje 8,4 meter vekk frå "GF-døra", la beina på nakken og spurta dei ca 200 (??) metrane bort til busstoppet. Når eg kom fram så hadde spurten blitt til lett jogg, og hadde det ikkje det fremste setet i bussen vert ledig, så trur eg at eg hadde endt opp langflat i midtgangen, men: eg overlevde. Og eg sprang faktisk ganske fort ganske langt. Faktisk. :) Den andre historien er at eg gjekk tur i dag. Eg tok faktisk på meg treningstøy, tok med meg iPoden, og gjekk ei runde. Eg la til og med opp turen sånn at eg fekk ein DRØY bakke å bryne meg på. (Viss nåken lurer på kor fort eg gjekk opp den bakken, så hør på TikTok av Ke$ha. Eg gjekk lange steg i takt med den.;) Og for folk som er kjent rundt Ansgar: eg gjekk frå fotballbana og opp til Kiwien, via Ansgar. Au.) Forøvrig så gjekk eg ein tur på ca 7 km på fredag og. Eg bør jo snart få kondis.
På tirsdag reiser eg til Paris! Hipp hurra for det! Så morgendagen går med til pakking. (+ prøve skuteren til ein kompis, prøve å få skrevet ut reisedokumentene for Paris-fly-turen og spise sushi.) Det blir den mest planlagte pakkinga eg noen gang har utført. Eg må pakke for ca ein måned, og alt må få plass i ein koffert (som ikkje kan vege meir enn 20 kg) + ein håndbagasje-bag. Flott utfordring for meg, det :p
Apropo utfordring.. På lørdag som var, spelte eg klassisk piano. I bryllup. Då innsåg eg ein ting. (Advarsel: no kjem det litt sjølvskryt her) Eg må slutte å sei at eg er skikkelig dårlig til å spele klassisk piano. Det er eg nemlig ikkje. Eg er skikkelig middels flink til å spele klassisk piano. Eg er på den nederste halvdelen av middelsskalaen, men likevel. Ikkje dårlig. Middels. Viktig ting å huske på :p Så; til å være middels minus flink til å spele klassisk piano, så var eg veldig flink å spele klassisk piano på lørdag. Haha! Etter at eg var ferdig med det klassiske, så spelte eg ein skikkelig enkel, streit pop-låt. Og aldri før har det føltes bedre å spele pop!
Men no skal eg sove. I morgen skal eg sove lenge!!!! Det blir deilig det! Eg liker ikkje å stå opp i sju-tida mange dager på rad (sjølv om eg sikkert har godt av det..).
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentarar:
Som komande fysioterapuet er det viktig for meg å oppfordre til fysisk aktivitet: Bra, Ingeborg!!
Du e flink. Det er berre å fortsette, så plutselig e kondisen der;)
Dersom du skulle vere interessert i treningstips, er det berre å ta kontakt.
Gla i deg.
Legg inn en kommentar