Dette er mitt firehundreogsøttifemte blogginnlegg. Og siden det er første januar, så bør det vel være ei slags oppsummering av 2011. Men eg veit ikkje om eg vil skrive den oppsummeringa. (Den egner seg betre til å bli overlevert muntlig. Over ein kopp kaffi, kanskje.) Det har skjedd så masse i år! Mange ting har vert bra, nokre ting har vert mindre bra, nokre ting har vore forferdelege (då meiner eg for min personlige del (og forøvrig relativt forbigåande) forferdelege ting. viktige forferdelege saker som f.eks. 22.juli vil eg ikkje skrive om. for dette er fortsatt ein random kvardagsblogg. (mine problem kan forsåvidt heller ikkje samanliknast med denslags grusomheter.)), og nokre ting har vore meir fantastiske enn eg kunne våge å drømme om.
Eg trur eg vil oppsummere 2011 KORT med at utfordringer gjer deg sterkare.
TAKK, 2011, for at eg no har det heilt sinnsykt bra!
2012 blir awesome :)
Spinnvill
-
HEEERLIG! Jeg tror aldri jeg har vært inne i et sånt "MÅ TRENE"- modus
noen gang før. Og jeg elsker det. Før kunne jeg ikke forda en eneste dråpe
svette. ...
14 timer siden
1 kommentarar:
På sikt er eg veldig klar for den oppsummeringa over ein kaffikopp. Ska berre ein sanrtur til utlandet først:)
Gla for å høyre at du har det bra.
Legg inn en kommentar