Museum i vest, som driver museet der, har inngått ein avtale med Øygarden og Sotra Veteranbussklubb (eg trur ikkje det er akkurat det dei heiter,men du sjønner ka det går i) om at dei kjører shuttle mellom Sartor Senter og Fjell Festning på lørdager og søndager i mai-september. Dvs: 20 minutters tur med veteranbuss!! Bussen kjørte i rute på Askøy på 60- og 70-tallet, og eg har allerede sett denne herligheten nåken gonger når eg har vert på jobb som bussvasker. Første gang eg såg den, sto eg berre og måpte. Andre gangen spørte eg bussjåføren om eg kunne leige bussen når eg ein gang skal gifte meg. Det kunne eg, og han som kjørte den idag var og positiv til det. Så då er det i boks. No mangler eg berre ein mann ;)
På min fine nye iPhone har eg ein kameraapp som heiter Hipstamatic. Kort fortalt: den tar bilder som ser gamle ut. Festning frå 2. verdenskrig + Hipstamatic = Ingeborg tar bilder av alt. Her kjem eit lite utvalg!
På venstre side er det bilde av (øverst->nederst) fellesvask, kjøkken og toalett (3 av dei 6 doane som var på kvart toalett. Ingen båser/skillevegger, for å unngå "bunkerssyke" (altså for å unngå at soldatene kunne ta livet av seg når det blei for ille å leve i ein kald, rå bunkers langt nedi jorda, i krig.))
På høyre side: gevær, kanon"kuler", og "styringsbokser".
Ein av kanonmotorene.
Minnesmerke over slavearbeidarane (russarar) som bygde Fjell Festning.
- Ingeborg (via BlogPress, på iPhone)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar