- Designet, obviously.., er nytt og fresht. Med fisker, til og med. Stailig. Og kaffe. Eg liker kaffe. (aldri et instagram uten #kaffe ;)) Og sidan eg på INGEN måte gjekk på tegning, form og farge på vgs, så blei det ein ferdig mal frå blogger.com. Takk, blogger.com.- Eg har fjerna dei fleste av dei gamle blogginnlegga mine! Kanskje eg går igjennom dei på eit seinare tidspunkt, og publiserer et knippe, men enn så lenge skal dei få ligge der usynleg.- Eg har tatt ei KRAFTIG opprydding i "bloggar eg les"-kolonna. Dei fleste bloggane eg les sto ikkje på lista, og dei fleste bloggane på lista var ikkje oppdaterte i dette tiåret. Så viss du begynner å blogge igjen, så gje meg ein "heads up", så skal du for all del få plass på lista mi igjen :) Eg les fleire bloggar enn dei på lista, men gadd ikkje legge ut alt. Så det.
Ellers, så er eg alltid ute etter gode blogg-anbefalinger. Så viss du har nokre tips - rop ut! Eg liker blogger om kvardager. I utgangspunktet er eg ikkje så interessert i reine interiørblogger, og ikkje reine sminke-dagensoutfit-sesåtynnjeger-åneisesåtjukkjeger-blogger og rosablogger, men det kan jo plutseleg dukke opp noko knas! (Eg har ein sånn "mamma-blogg"-periode no. Haha! Eg har ingen planer om å bli mamma enda, altså. Men blogglista mi er full av bloggende mødre, både rosa og meir nyanserte sådann...)
Men altså. Ny start. Og går det ikkje bra, så går det ihvertfall over!
No skal eg ete lettsalta torsk til middag. Deilig å være heime hos mamma og pappa og bli varta opp ;) Tjo hei!
![]() |
Bilde frå sist eg åt fisk! Ekte lofottorsk (og -sei) på ein seilbåt i Lofoten. *sukk* |
1 kommentar:
Liker det jeg ser, Ingeborg:-) Gleder meg til fortsettelsen PS: Jeg er sikker på at du hadde vært en superkul mamma! Sånn når du kommer så langt.
Legg inn en kommentar