Eg har alltid ønska at eg var A-menneske! Så deilig det må være å stå opp tidlig og like vel være utkvilt! Og å være våken og klar for dagen før kl 8! I sommer har eg hatt ein del tidlige vakter. Og når eg då kjem heim frå jobb, så har klokka berre såvidt passert 13, og eg har heile dagen framfor meg! Dei første dagene med tidligvakter var eg heilt utslitt når eg kom heim. Ikkje fordi at eg har ein slitsom jobb (for det har eg på ingen måte..), men fordi eg måtte stå så tidleg opp. Å stille vekkerklokka på kl 5 og 6 og 6:30 og sånn står ikkje akkurat øverst på lista over ting eg liker.. Men; etter kvart gjekk det seg litt til. Eg lærte meg at når eg skal på jobb klokka 6, så må eg faktisk legge meg ganske tidlig. Så det er ikkje få kveldar i sommar at eg har gått og lagt meg i 22-tiden (ein lørdagskveld la eg meg kl 21:30....), mens Erlend og Eirik (mine "små"brødre på 21 og 18) fortsatt satt oppe og såg TV eller spelte dataspill. Men så kom den store feilen. Seinvakt etterfulgt av ettermiddagsvakt. Ingeborg legger seg klokka 2, og sover til klokka 11. Ikkjebraa. Då blei det plutseleg hardt å stå opp klokka 5 dagen etter.. Konklusjon: stå tidleg opp uansett! Resultat: ikkje sjangs i havet. For det første
klarer eg ikkje å stille vekkerklokka på kl 07 når eg veit at eg har fri. For det andre er eg veldig flink til å slumre, og veldig flink til å stille vekkerklokka i halvsøvne. Løsning: eg tilbudte meg å kjøre Eirik til jobb! 20 minutters kjøring (han må gå heimefrå ein time før han begynner på jobb hvis han tar buss..), jobbstart kl 7:30, dvs: Ingeborg må stå opp kl 7! Genialt. Og vel er eg glad i å sove, men når eg kommer heim kl 8 og er våken (og til og med har vært innom butikken), så går eg ikkje og legger meg igjen. Resultat #2: suksess!
 |
Utsikta frå kjøkkenvinduet søndag morgen kl 7 |
Forrige veke begynte eg tidleg på jobb 5 dager, så då måtte eg tidleg opp uansett kva eg ville.. Og dei to dagene eg begynte kl 13 benytta eg til å sove litt ut. Var så lenge på jobb dei dagene at det ikkje var nåke problem å sove på kvelden uansett. Men denne veka har eg, for eksempel idag, fri nesten heile dagen! Jobb kl 19:30 = mulighet til å sove leeenge. Likevel sto eg opp kl 7! Riktignok for å kjøre Eirik, men fyy så digg det var når eg kom heim! Det var sol ute, så eg lagde meg ein god frokost og satt meg ut på terrassen :) Veldig deilig å sitte på terrassen og lese avisa og drikke kaffi, og vite at klokka var 8 og eg hadde heile dagen foran meg.
 |
Pynta til og med med litt blomster...! |
På vei heim etter å ha kjørt Eirik tok eg ein tur ned i Landrovågen for å sjå på havet :) Det er så fint der nede!! Eg liker havet. Og Landrovågen er full av barndomsminner.
 |
Hav! |
 |
Litt av Landrovågen. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar