Igår hadde eg oppkjøring på buss. Og strauk! Sjukt.
Følelsesresultat: Takknemlig!
Sjølvsagt var det kjedelig å stryke. Men eg hadde nok ikkje hatt ein like god opplevelse igår viss eg hadde stått!
Eg hadde ikkje møtt all oppbackinga og tilbakemeldinga frå dei rundt meg. Først og fremst lærere og medelever. Det hadde for all del vert hyggelig å få ein «gratulerer-klem», men klemmane og omsorgen når eg strauk betydde mykje meir! Det at folk ikkje trudde meg når eg sa at eg hadde strøket, betydde mykje, og fekk til og med meg til å forstå at dei syns at eg kan bedre. Kommentarer som «Viss det var nokon eg var SIKKER på at skulle stå på bussoppkjøringa, så var det deg!» varma!
Så - kva skjedde?
Kjetting. Himla drittkjetting. Etter å ha gjennomført daglig kontroll av kjøretøyet skulle eg trekke et sikkerhetskontrolloppgavekort. Og eg trakk kjettingkortet. Et av tre kjettingkort. I ein tjukk bunke med kort. GODT gjort. KJIP følelse. Først fekk eg spørsmål om antall kjetting som skulle være med i kjøretøyet. Enkelt. Tre. Ein til styrende hjul, og to til drivhjul. (på bussen eg hadde oppkjøring på i alle fall. det varierer jo litt ut i fra antall akslinger og sånn..) Men så fekk eg beskjed om å legge på kjetting på et drivhjul. Mindre enkelt. Kort fortalt: eg fekk det ikkje til. Hadde det vært kjettingføre, så hadde eg nok strøket med ein gang. Det hadde vært kjipt det! Å stryke uten å ha hatt sjanse til å vise at eg kan kjøre. Men siden det var gode kjøreforhold på veiene, så kjørte vi avgårde. Eg pusta djupt et par ganger og tenkte, sånn ca, at «no er det berre kjøringa mi som kan redde meg. dårlig svar på trekk-kortet betyr ikkje nødvendigvis at eg stryker. gløm kjettingen, kjør fint.». Men så. Kort fortalt: eg kjørte som ein sokk. Eg trur knapt nok eg har kjørt så dårlig nokon gong. Det var ikkje sånn at eg bomgira og kræsja og bråbremsa og kjørte feil og sånn. Eg klarte heilt fint å forflytte bussen på ein (stort sett) teknisk riktig måte. Men den delen av kjøringa som krever 100% oppmerksomhet heile tida - TRAFIKKEN - blei så forstyrra av den mislykka kjettingpålegginga at det meste stort sett gjekk, men gjekk skeis. Det var fortsatt ingen bråbremsinger eller kræsjing, berre generelt dårlig planlegging. (For deg som aldri har forflytta et stort kjøretøy før; det kreves ganske mykje meir planlegging før f.eks. rundkjøringer med storbil enn med liten bil...) Når du då i tillegg legg til et par situasjoner som kunne stått på lista over «typiske ting man ikkje bør gjere på ei oppkjøring» (som f.eks. å stoppe i et kryss med fronten midt i et gangfelt) OG dårlig utførelse av daglig kontroll OG mislykka kjettingpålegging, så er det jo klart at det ikkje heilt går veien..
Iløpet av kjøreturen tenkte eg fleire ganger at «no kjører eg perfekt for stryk..», og prøvde å bevisst tenke at eg måtte skjerpe meg, og at eg fortsatt hadde ein god sjanse til å vise at eg faktisk egentlig kan kjøre buss. Men så gikk det skeis igjen. Og igjen. Og igjen.
Når eg svingte inn på trafikkstasjonen etter endt kjøretur, var eg særs førebudd på at eg hadde strøket. (i motsetning til tidligere på dagen, då eg var bombesikker på at eg sjølvsagt kom til å stå.) Eg var faktisk så sikker på at resultatet var stryk at eg var klar for å sei at «det var heilt ufortjent!» dersom eg, mot all formodning, skulle komme til å stå. Etter ein prat med sensor, der vi var heilt enige om at kjøringa på oppkjøringsturen ikkje var god nok, og heilt enige om situasjonar som hadde vært litt dumme, fekk eg den fine grønne lappen med kryss i feil (men dog så rett) rute. Sensor sa «lykke til neste gang, og takk for turen» og gjekk sin veg, og eg kunne endelig senke skuldrene. Etter et par døgn med litt spente nerver (ein oppkjøring er jo ikkje berre-berre å gå og vente på!) og ein time med konstant frustrasjon over at ingenting gjekk som det skulle, var det ikkje rart at kroppen min reagerte med tårer. I alle fall når min fantastiske lærer kom og gav meg ein klem. (Og JA eg påstår at tårene var ein fysisk reaksjon. Eg driv jo ikkje med sånn føleri-følera-grining.)
Så kom alle desse koselege tinga. Dei fine kommentarane. Oppmuntringa og omsorgen. Min egen følelse av og visshet om at eg kan bedre! Selvfølgeligheten i at 1: det å stryke på ein oppkjøring betyr ingenting meir enn at ein har strøket på ein oppkjøring. og 2: livet går fint videre, og eg er fortsatt meg.
Det beste var nok min egen følelse. Eg - som er så flink til å sjå alt det negative i meg sjølv, til å tydeligst sjå det eg ikkje mestrer, til å tenke at «fordi eg ikkje mestra dette så er eg mindre verdt» - løfta hovudet, trakk på skuldrene, smilte og sa at «eg er flinkere enn dette!» og «neste gang går det bra!». Og enda bedre; eg meinte det! Det hadde nok ikkje vært noko problem å ta på ei maske og sei at «eg er kan jo bedre enn dette neste gang går det bra det går heilt fint med meg altså :) :) :) :) :)»,
men eg trengte ingen maske, for eg meinte det! Derfor er eg så takknemlig! Og glad!
Gøy for meg, det :)
Kanskje var dette ein fornemmelse av Gud..? Kanskje handler livet mitt egentlig ikkje om meg..?
2 kommentarer:
Du har iallefall en egen (Gudegave...?)til å ordlegge deg og sette ting i perspektiv. Din beskrivelse og selvinnsikt og muligens Gudsinnsikt står til den beste karakter! Dette handler om å være et hverdagsmenneske plantet mitt i livet med Gud
Skulle ønske eg og kunne vore av dei som fekk gitt deg ein klem og eit varmt smil!!
Det slår meg ofte kor uransakelege Guds vegar er - han kan bruke dei utrulegaste måtar til å lære meg, oppmuntre meg, byggje meg opp. HAN er verkeleg den som kan snu det vanskelege til det gode. TAKK for at du minna meg på det!!
Eg er glad i deg - med eller utan busslappen i lommo;)
Legg inn en kommentar