Nedvask. Statusrapport.Forhistorie: Ingeborg har, sidan søndag 21. juni, jobba IHERDIG (når ho har jobba, i alle fall..) med å pakke ned alle tinga sine, for så å vaske ned leiligheta. Etter masse kluss og dull og om og men og århh og hurra vart det endeleg bestemt at Ingeborg sine eigendelar kunne bli ståande i same hus som leiligheta, berre ut døra og over terrassen og inn i "lager-leiligheta" til huseigarane. Dvs at ho slapp å stresse med å finne nokon med musklar og bil som kunne hjelpe ho å flytte alle tinga inn til byn, for så å flytte dei i August. Lurt.
Så var det statusrapporten, då.
Torsdag 25. juni, kl 03:41. Eg angrar ikkje på at eg (for ca 4 timar sidan) vågde meg inn i lager-leiligheta (der det ikkje er
eitt ljos som funkar...) for å hente vasskokaren og samlinga mi av ulike Nescafé-kaffidrikkar. Kombinasjonen kald grovbrødskive med litt jordbærsyltetøy på ("litt" fordi at det skulle dekke to skiver....), nescafé-kaffi og soloppgang (!) fungerar fett. Eg er ferdig med to av fem rom. Vel å merke: eg har vaska soverommet og "arbeids"-/roterommet. Dei to minste romma, som er lettast å vaske. Har stove, kjøkken og bad igjen. Gudd løkk seier eg berre... Kanskje eg burde plugga ut kjøleskapet no...? Eller eigentleg for ganske lenge sidan...?
Eg er forresten glad at huseigarfamilien "min" har soveromma sine i andre enden av huset. For den støvsugaren bråkar...
Er nesten ferdig med all pakking no. Ein del ting må bærast inn i lager-leiligheta (jfr tidl. komm. vedr. mangl. lys i l.-l.), og eg har ikkje begynt å pakke tinga på badet enda (men mesteparten av tinga der skal forsåvidt berre lempast ned i kommoden, som skal trillast fint vekk). Denne pausen må snart vere ferdig... For det er litt igjen...! Og kl 07:48 må eg stå klar på busstoppet. Så det er berre å jobbe...!
Torsdag 25. juni kl 04:00. Kaffi og brødskive med jordbærsyltetøy hjelper godt på blodsukkeret. I tillegg er det nesten uforskamma lyst ute, og eg har sjokolade. Så eg leker at det er midt på dagen, og fortsetter å vaske. :)
Torsdag 25. juni kl 05:31. Det er no omlag høglys dag ute, og bilar har begynt å kjøre over brua. Badet er reint, eller.... I alle fall så reint som eg klarar å få det. Det er skit og støv bak både dusjen og vaskemaskina, men eg begir meg ikkje ut på å begynne å flytte på det... No er det kjøkenet som står for tur. Satser på at det går fort...! Må snart ha noko meir kaffi kjenner eg.. Og litt snop for å få blodsukkeret opp... *et rosa vepsebol, og ser tankefullt ut vindauget* Kanskje eg skal begynne neste økt med å bære ut alle tinga. Lurt.
Torsdag 25. juni kl 06:49. Veldig kjapp rapport... Alle tinga mine er bært ut (eg har for masse ting. og eg har heilt feil bere-metode....), og eg har begynt å vaske stova. Dårleg tid no!
Torsdag 25. juni kl 07:31. Ikkje heilt ferdig enda... Såvidt begynt på kjøkkenet. Rekk ikkje første bussen frå Kristiansand til Stavanger, så då er det nytt mål: Ta neste buss fra Kristiansand. Før det skal eg rekke å sette frå meg bagasjen, springe og kjøpe meg noko mat, springe tilbake og hente bagasjen, og like vel vere TIDLEG UTE til bussen. Lykke til :p
Torsdag 25. juni kl 09:51. Avreise utsatt enda ein gang. Har golv og vindauge og litt "siste finpuss" igjen. Og så skal eg skrive brev (koseleg brev, altså :)) til huseigarane, og til slutt: sette stereoanlegget mitt ut på lageret. Viktig at det er det siste ;) Dessutan gidd eg ikkje stresse. Men no skal eg på butikken og kjøpe meg mat! Og vinduspussepussepuss.
Forresten, så er eg overraskande vaken. Enn så lenge... :p
Stay tuned for more!